Saturday, January 06, 2007

Endelig på nett att!

JUL OG NYTTÅR!
No er det jammen meg lenge sia eg har skreve noke på denne bloggen min! Tida har gått fort og me har fått eit nytt år -med nye moglegheitar i! Og då e da vell tid for ei lita oppdatering på kva som har skjedd sidan siste?

Denne jula var det ikkje så mange familiebesøk.. Mammo gjorde da ganske enkelt, ho bedde alle tanteungane på besøk lillejulafta og dei kunne koma når dei sjølv ville! Vart ein jevn straum av folk heile dagen.. Koseligt! Fadderbarnet mitt Mattis hadde og sneke seg med kusino mi! Han har blitt så stor!

Beate hadde komt heim fra Sveriga med svenske og unga, så det skjedde ei stor befolkningsvekst på haugen vår.. E alltid kjekt når dei kjem heim!

Sjølve julekvelden blei feria på Flatøy hjå svigermor. Nesten alle søstrene til Knut Magne var der, uten Ingvild, dei var på Finnøy! Da var veldig kjekt på Flatøy! Men savne etter heimen var det jo! Konstanse kom nedom om kvelden, så spelte me Risk.. Da blei julespelet vårt.. hehe! Risk-risk.. Eg ekje så flink i da spelet! Juledagane pendla me mellom Leiknes og Flatøy.. Litt hipps om happs, kan du vell sei! Lille nyttårsafta var me å sjå på at Ragnhild og Asle gifta seg! Fekk litt ideer, siden me og skal gifta oss i Meland kirka! Spennade! No er det berre 8 mnd att og mange dager til den store dagen vår! Ting har begynnt å ta form.. Eg glede meg! Så var det nyårsafta! Den feira me på Bedehuset på Frekhaug sammen med 90 folk! Det var ein flott kveld! Mange venner var der..! Konstanse og eg hadde Herrenes tale, og den har vell aldri vært så bra før? heh.. Litt sjølvironisk..

No comments: